Tilvist frå Klarna til Forbruker Europa: Dette bør du gjere

Publisert 06.10.23 , sist oppdatert 25.01.24
Klarna tilviser forbrukarar til oss for å løyse problem etter handel. Forbruker Europa har ikkje eit samarbeid med Klarna

Foto: iStock

Vi tek imot dagleg telefonførespurnader frå forbrukarar som har blitt tilvist til oss frå Klarna etter problem med kjøp gjennom tenestene deira.

Òg Forbrukertilsynets sentralbord og Forbrukarrådet opplever mange førespurnader frå forbrukarar om Klarnas betalingstenester. 

Forbrukarar som tek kontakt fortel at Klarna krev eit saksnummer frå Forbruker Europa før de vil behandle saka i deira system, eller at norske forbrukarmyndigheiter må ta stilling til om dei har krav på hjelp frå Klarna. Dette er feil. 

Forbruker Europa er ikkje er ein del av Klarnas saksbehandlingssystem.

Vi forstår at dette er forvirrande, og skaper irritasjon for dei ønsker hjelp etter å fått trøbbel med handelen sin.

– Vi har teke kontakt med Klarna og bedt om at praksisen med å tilvise til oss opphøyrer, seier direktør i Forbruker Europa, Linn Hogner Jahr.

Klarna hevdar sjølv at dette er ein mistyding og har forsikra at dei skal slutte å tilvise til saksnummer frå oss før dei behandlar saker. 

– Det er svært viktig at Klarna ryddar opp i dette, og gir forbrukarane moglegheit til å få klagesakene sine behandla, seier Thomas Iversen, som er seniorrådgivar i Forbrukarrådet. 

Viss Klarna krev eit saksnummer frå Forbruker Europa kan du seie dette:

I følge finansavtalelova §2-7 (tidlegare §54b) er dei i Klarna plikta til å hjelpe som kredittytar viss det ikkje er mogleg å komme til ei løysing med seljar. 

Dette inneber at Klarna som kredittytar har eit ansvar overfor forbrukar dersom seljar ikkje gjer opp for seg.

Vi understrekar nok ein gong at det er Klarna som yter kreditt viss du handlar gjennom dei, og Klarna har då eit ansvar ifølge lova å hjelpe deg viss du ikkje når fram til ei løysing med den eller dei du har kjøpt varer eller tenester frå.

Sjølv om det ikkje er nødvendig for å få saka si løyst, vil forbrukarar som tek kontakt med oss etter å ha blitt tilvist frå Klarna, få saka si registrert hos oss og eit saksnummer. 

– Vi vel å gjere dette slik at du som forbruker ikkje blir ein kasteball i systemet. Vi ønsker å hjelpe sjølv om næringsdrivande eller kredittytar, i dette tilfellet Klarna, ikkje gir deg den servicen du burde ha fått, seier Jahr.