Nye reglar i EU gir forbrukarar bedre rettigheter

Publisert 02.10.23
Moderniseringsdirektivet trer i kraft i Noreg 1.oktober. Dette betyr fleire endringar i reglar og lovverk som kjem forbrukarane til gode.

Foto:iStock

Moderniseringsdirektivet er ein rekke reglar som blir innført i Noreg og resten av EU 1. oktober. Dei nye reglane som blir innført har som mål å styrke forbrukarvernet, ved å halde følge med den digitale utviklinga der vi kjøper og seljar ting på andre måtar enn før. 

Dette er dei viktigaste endringane:

Du kan reservere deg mot dørsal

Dei nye reglane sørger for at du no kan reservere deg mot dørsal. Det einaste du treng å gjere viss du ønsker det, er å sette opp eit skilt eller eit klistremerke der du informerer om at du reserverer deg mot dørsal. Du kan òg fortelje ein dørseljar som tek kontakt at du ønsker å reservere deg.
Om du ikkje reserverer deg er det heller ikkje lov for dørseljarar å ringe på hos mellom 21.00-09.00. Det er heller ikkje lov med dørsal laurdag, søndag eller heilagdagar.

Om du får ein dørseljar på døra skal det komme tydeleg fram med ein gong at dei som ringer på ønske å selje deg eit produkt eller teneste.

Strengare krav til førpris når varer er på sal

I Noreg krevst det av ei vare eller teneste faktisk er selt til førpris i førprisperioden. 
Det vil seie at førprisen må vere den lågaste prisen vara har vore marknadsført til i minst seks veker før salsperioden. Dette gjeld òg kundeklubbmedlemmer, jule- og påskevarer.
Viss du for eksempel kjem over ein sykkel som kostar 1500 kroner under ein Black Friday-kampanje, må førprisen vere meir enn 1500 kroner dei seks vekene før kampanjen. Regelen gjeld derimot ikkje for sesongvarer som jul- og påskevarer.

Det skal komme enda tydelegare fram kva som er reklame når du handlar på nett

Marknadsplassar og nettbutikkar som Finn.no, Airbnb og Zalando må informere om seljar har betalt for at for at produktet deira skal ha synlighet på sida. Enten frå hovudsida eller viss du søker på ei spesifikk varegruppe.
For eksempel må det vere tydeleg merket viss du går inn på Zalando for og søker på lilla genser, at dei første genserene du får opp som søkeresultat har betalt for dette.

Ekte brukarmeldingar

Det er dessverre fleire næringsdrivande som bruker falske brukarmeldingar som ikkje er skrive av mennekser. Dette gjer det vanskeleg for deg og meg å vite om eit produkt eller ei teneste faktisk er.

Derfor må næringsdrivande opplyse om korleis dei har sikra at brukarmeldingane dei bruker er ekte. Dette må dei kunne bevise viss du som forbruker spør om det.  

Angrerett når du betaler med personopplysningar

Blir du medlem av ein kundeklubb eller kanskje eit sosialt medium er det vanleg å oppgi informasjon om seg sjølv for å få medlemskap. Det kostar vanlegvis ikkje pengar, men betalinga personopplysningane dine. Dei nye reglane gjer at du no kan nytte deg av angreretten viss du innan 14 dagar etter innmelding ikkje ønsker å vere medlem lenger.

Du har òg rett til å få tilbake informasjonen du har delt med tenesta, og eventuelle bilde eller innlegg du har delt når du brukte tenesta.